Norsk akkreditering endrar si oppfølging av akkrediterte verksemder.
Nåverande rutine for oppfølging av akkrediterte verksemder inneber at risikovurderinga av ordninga og den enkelte akkrediterte verksemda, har innverknad på kor mange månader det kan gå mellom kvar bedømmingsaktivitet.
Endringa inneber at alle akkrediterte verksemder vil få ein årleg bedømmingsaktivitet. Framover vil resultatet frå risikovurderinga av den akkrediterte verksemda verke inn på omfanget av den årlege bedømmingsaktiviteten og på korleis bedømmingsaktiviteten skal gjennomførast (på standen, som fjernbedømming eller som dokument-gjennomgang).
Korleis vil endringa bli innført? Akkrediterte verksemder som i utgangspunktet ikkje hadde ein planlagt bedømmingsaktivitet i 2027, vil få informasjon om kva som er planlagt for dei seinast seks månader før aktiviteten skal gjennomførast. Ein vil få informasjon om omfanget av bedømminga og tidspunkt. Bedømmingsaktiviteten kan vere avgrensa til ein dokumentgjennomgang. Endringa vil ikkje ha innverknad på bedømmingsaktiviteter i 2027 som allereie er avtalt.
Korleis vil årleg bedømming påverke kostnadane? Det totale kostnadsnivået skal i minst mogleg grad bli påverka av endringa. Norsk akkreditering ventar ikkje at den samla bedømmingskostnaden for den femårige akkrediteringssyklusen i særleg grad vil bli påverka av denne endringa.
Endringa skal verta meir føreseieleg, bidra til forenkling, gi betre struktur og ressursbruk.
Norsk akkreditering ser fram til vidare godt samarbeid.
Har du spørsmål ut over dei som er svart ut over, send ein e-post til post@akkreditert.no